Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Det blir kvalifiseringsplass på Ranheim etter siste runde! Start gjorde jobben mot Lyn, og då var resten opp til Ranheim. Det vart ingen scoringar før pause, men det skulle skje meir etter det. Etter nesten ein time utnyttar Ranheim ein kjempetabbe for Sogndal, og Tørstet Johnsen sender dei i leiinga. Sogndal leita etter utlikning, men klarte aldri å få ballen inn i målet. Diop doblar leiinga etter 83 minutt, og då er det eigentleg avgjort. Tørstet Johnsen set inn sitt andre mål rett før slutt, og det betyr at sesongen til Ranheim ikkje er ferdig! Dei har ein lang veg viss det skal bli opprykk, men no har dei sjansen til å gjenta noko som dei har klart tidlegare frå ein lik posisjon!
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+1'
Flotte scener på Fosshaugane når Flo går ut for aller siste gang. Ein ekte legende i Sogndal, som har vore med på mykje.
90'
Asp prøver å slå inn, men Vidtun Nilsen er på jobb, og klarar å slå ballen vekk! God kamp for keeperen i dag.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
89'
Nesten for Ranheim! Granheim rotar det til i boksen, og Ranheim får ei farleg avslutning. Denne gangen blir det ikkje scoring, men dette har me sett før i kampen.
84'
Frispark til Sogndal i god posisjon for innlegg.
84'
Det er mørkt for Sogndal no. I tillegg har utlånte Mathias Øren fått raudt kort for Åsane, og må stå over første serierunde for Sogndal neste sesong.
78'
Lyn ligg under heile 0-3 mot Start, som betyr at Ranheim går forbi dei på tabellen om ikkje noko meir skjer på Fosshaugane.
74'
Enorm sjanse for Pedersen! Bras slår inn til Sturgeon som gir den vidare til Pedersen. Han bankar til, men ballen går utanfor! Der kunne det stått 1-1.
73'
Granheim får ballen etter ei klarering frå Ranheim. Avslutninga går rett i ein motspelar, og blir ikkje farleg.
70'
Diop utfordrar Jendal, som slår ballen ut til corner! Brukbar sjanse, og Ranheim vil ha 0-2!
69'
Diop prøver eit hardt innlegg langs bakken, men det er for langt framme for lagkameratane sine.
67'
Diop går i bakken, og dommaren stoppar spelet medan han er på veg opp igjen. Det forstår folk lite av, og mange er frustrerte etter enormt mange unødvendige avbrekk i ein kamp som ikkje er spesielt stygg.
66'
Det er veldig stille på Fosshaugane etter 0-1. Det merkast at folk er leie etter nok ein sesong der Sogndal ikkje klarar å kjempe om opprykk.
64'
Corner til heimelaget!
61'
Sogndal prøver å svare med ein gang, men innlegget frå Pedersen er svakt.
58'
Høyland kjem seg inn i boksen, og legg ballen over på venstrefoten. Avslutninga er svak, og går rett på Vidtun Nilsen, men det kunne blitt vldig farleg om han fekk eit rein treff.
56'
Onyango slår nesten ballen til Holden inni boksen, men Sogndal klarar å rydde opp. Urutinert av backen å ikkje sjå at dette var eit farleg område å slå ballen inn i.
53'
Fabio Sturgeon skal inn.
53'
Skaanes har sett seg ned på bana etter at han klarte å stoppe Samuelsen i boksen. Kanskje må Sogndal gjere eit byte no.
51'
Samuelsen prøver å utfordre Jendal, men avslutninga er svak, og keeperen har full kontroll.
49'
Stor sjanse for Hintsa! Vidtun Nilsen viser ei strålande dobbeltredning når han stoppar spissen! Innlegget frå Vapne treff Hintsa som headar rett på keeper. Returen klarar Vidtun Nilsen å få over metallet. Strålande keeperspel!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause, og kampen er framleis veldig open. Begge laga føler nok at dei kan prestere betre enn dette, og Ranheim må ha scoring får å kome seg inn i topp 6. Det vil seie at det truleg vil skje ting etter pause!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
45'
Samuelsen kjem seg inn i boksen, og prøver å avslutte med venstrefoten. Ballen går hardt i nettveggen, og Jendal føler seg aldri trua frå den vinkelen.
45'
Sogndal likar ikkje at Ranheim ofte får frispark i duellane. Pimenta skulle gjerne sett at dommaren lot noko av det passere utan å blåse.
43'
Skjelbred prøver seg på direkten frå 20 meter. Ballen sklir av foten, og går langt utanfor.
42'
Hintsa er i ein duell med Vidtun Nilsen, og ballen går ut til corner.
39'
Ranheim prøver å spele seg inn i boksen til Sogndal, men blir stoppa av Holten som slår ballen ut til innkast.
36'
Hintsa kastar seg ned for å prøve å stange ein ball mot målet. Vanskeleg frå den vinkeleg, og ballen går svakt inn til Vidtun Nilsen.
34'
Ranheim rotar vekk ballen i farleg område! Hintsa fangar den, og gir den til Skaanes. Han avsluttar med venstrefoten, og ballen flyg høgt over målet. Der skal han i utgangspunktet score!
29'
Granheim sender ballen ut til Hintsa til høgre i bana. Han driblar seg inn i boksen, og avsluttar rett på keeper! Bra angrep av Sogndal og Hintsa!
27'
Frispark til Ranheim i god posisjon. Det forstår Sogndal lite av, men dommaren er tydeleg.
25'
Diop er oppe igjen, og kampen kan starte.
25'
Diop blir liggande etter ein duell mot Onyango. Han treng behandling, og begge trenarteam nyttar avbrekket til å gi nokre beskjedar. Pimenta er ikkje nøgd med det han har sett etter ei brukbar opning på kampen.
23'
Sogndal ser stressa ut akkurat no. Det likar ikkje Pimenta, som blir frustrert når dei slår vekk ballen.
19'
Corner til Ranheim!
18'
Diop kjem seg nesten forbi Onyango, men blir stoppa av ei strålande sklitakling. Blir utspark for keeper.
17'
Ranheim er er meir med i kampen no enn dei var i opninga.
14'
Tønne får ballen i boksen, og prøver å avslutte. Ballen treff to motspelarar, og den kjem aldri fram til målet til Jendal.
7'
Fint spel frå Sogndal når dei vinn ballen. Granheim finn Skaanes, som legg att ballen til Vapne. Avslutninga er svak, og går ein meter utanfor målet.
6'
Hintsa får ein ball på halvspretten ute til høgre. Vinkelen er vanskeleg, men han prøver seg. Ballen går langt utanfor målet.
4'
Ballen har stort sett vore på Ranheim sin banehalvdel dei tre første minutta, men Sogndal har ikkje klart å spele seg fram til nokre avslutningar.
1'
Ranheim tek avspark, og kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
Både Martin Sjølstad og Per-Egil Flo blir takka av med blomster før avspark.
Sogndal gjer ei endring på laget som slo Odd i førre runde. Blixt Flaten har karantene, og Onyango tek plassen hans på venstreback. Ranheim gjer også berre ei endring. Holden kjem inn for Berisha.
Herman Skurdal Holthe er hovuddommar i dag. Han har med seg Amang Kanyi og Martin Javier Solheim som assistentar. René Nordvik Skippervik er fjerdedommar.
Det er fleire spelarar på begge lag, som er bekrefta ferdige i klubbane etter sesongen. Det har lenge vore klart at Martin Sjølstad reiser vidare til Randers i Danmark etter sesongen. Opplæringskontoret for tømrarfaget i Sogn og Fjordane og Møre meldte tidlegare i haust på Facebook at Per-Egil Flo skulle legge opp, og starte som lærling for å bli tømrar. Dette er no bekrefta av klubben, og kapteinen speler sin siste kamp i dag. Han avsluttar ei innhaldsrik karriere som inneheld både landskampar og seriegull. Ein annan som også avsluttar karriera med dette på CV-en, er Per Ciljan Skjelbred. Han vart takka av på Extra Arena i førre runde i lag med Bendik Bye og Vetle Wenaas, som også er ferdige i Ranheim etter sesongen.
Det første oppgjeret mellom laga i sesongen vart spelt i Frøya Storhall i april. Då tok Sogndal sin første siger for sesongen då dei vann 2-1 etter scoringar frå Flataker og Vapne. Bendik Bye reduserte rett før slutt, men Ranheim klarte ikkje å kjempe fram ei utlikning.
Det er ein historikk mellom Sogndal og Ranheim som tilseier at Sogndal ikkje akkurat kjem til å unne Ranheim ein kvalifiseringsplass i år. Sogndal og Ranheim spelte kvalifiseringskamp til Eliteserien mot kvarandre i 2017. Den kampen måtte avgjerast på straffesparkkonkurranse, og det var Ranheim som vann den. Då enda det med nedrykk for Sogndal. Det vart dårleg stemning mellom laga i det som skulle vore jubelscener for Ranheim, og dette er noko både supporterar i Sogndal og folk i klubben hugsar godt framleis. Å sjå Ranheim juble over ein kvalifiseringsplass i dag, ville vore ein tung avslutning på sesongen for Saftkokaradn, som ikkje har sett eige lag kome innafor topp 6 sidan 2021.
Me har kome til den siste runda denne sesongen, og alt skal avgjerast. Heimelaget har ikkje spesielt mykje å spele for i dag, men det har Ranheim. Før runda ligg dei på 7. plass, og har to færre poeng enn Lyn på 6. plass. Viss Ranheim slår Sogndal, og Lyn tapar mot Start, så vil Ranheim kome seg inn på kvalifiseringsplass. Sogndal har fire poeng opp til Lyn, og kan derfor ikkje kome seg forbi dei sjølv om dei skulle vinne i dag, men dei vil kome forbi Ranheim dersom dei tek alle tre poenga. Sogndal har no 43 poeng, som er akkurat det same som dei hadde i 2022 og 2023. Viss dei tek poeng i dag, har altså Sogndal klart å gjennomføre sin beste sesong poengmessig sidan Eirik Bakke reiste frå klubben.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Ranheim i runde 30 i OBOS-ligaen!



