Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Stabæk vinn til slutt komfortabelt 3-1 over Hødd i Ulsteinvik. Bærumslaget pangopna kampen med mål i det 2. minutt ved Isaksen, men Hødd og Skotheim utlikna umiddelbart. Etter dette hadde heimelaget eit lite initiativ, men det var i staden gjestane som tok leiinga på ny like før kvilen, då Nielsen putta etter ein corner. Hødd skapte ein bra sjanse ved Visted etter pause, men då Diabaté heada inn 1-3 gjekk all luft ut av høddarane. Dei skapte ikkje éin einaste stor sjanse dei siste 40 minutta, og Stabæk kontrollerte rett og slett sigeren heilt inn utan spesielle problem. Ein sterk bortekamp av Stahre sitt mannskap, som også passerte Hødd på tabellen. Med ein kamp til gode, samt 0 i målforskjell bør plassen i 1. divisjon sikrast. For Hødd sin del er det litt småskummelt, men dei kan framleis avgjere dette sjølv mot Egersund og AaFK i dei to siste. Samtidig må også laga bak på tabellen plukke mykje poeng. Spanande blir dette i alle fall. Sebastian Eide og Henning Worren takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
Straks er alle fire tilleggsminutta omme.
90+2'
Stabæk gjennomfører possesionøving og leikar seg her på Høddvoll. Heimelaget ser ut til å ha gitt opp.
90'
Ingenting som vitnar om sluttspurt frå heimelaget her. Dei held fram som før med mange pasning nesten berre på fot og for mange berøringar per spelar.
90'
Brukbart av Hødd i det Haugland blir spelt fri og slepp ballen ut til Riise. Sistnemnde legg presist inn, men ingen andre i blått kjem på den.
88'
Rawufu vender raskt opp og avsluttar, men forsøket går rett på Sjøeng som held enkelt.
83'
Bortelaget med innlegg frå venstre. Ulla boksar vekk kula.
80'
Og DER kjem Stabæk-supporterane til slutt inn på borteseksjonen! Dei får dermed med seg det siste kvarteret etter å ha vore faste i trafikken rundt Eiksundtunnellen. Ein bilstans i tunnellen førde til at den var stengt i fleire timar.
78'
Diabaté kjem til avslutning frå god posisjon. Dessverre for bortelaget får han ikkje skikkeleg dreis på skotet og Ulla kan redde utan problem.
76'
Framleis ingen sluttspurt frå Hødd. Stabæk har veldig god kontroll på dette.
76'
Vinge skjer innover og avsluttar, men rett i ein spelar i blått.
76'
Matic kjem til avslutning med hovudet. Over mål.
75'
Noah Riise har for øvrig ei fortid i Stabæk. Her enda han opp med kampar for Stabæk 2 i tillegg for ungdomslaga.
74'
To reine vingbackbyter av Marius Bøe. Noah Riise er for øvrig son av tidlegare landslagsspelar Bjørn Helge Riise.
72'
Heimelaget skal gjere to endringar. Roppen og Riise.
72'
Veldig stort rom mellom Hødd-stopparane, og det er like før Hellan blir spelt heilt åleine gjennom. Blikstad med ei viktig opprydding.
69'
Hødd har mest initiativ her, men slit med å kome til sjansane. Stabæk ligg veldig bra og kompakt defensivt, og er også farlege på kontringar.
68'
Kallevåg bankar ballen inn i Stabæk si boks, men Næss klarerer.
66'
Vinge slår inn i feltet, men Mulac beinar vekk kula.
60'
Hødd har ballen ein del på siste tredjedel av bana, men som regel blir det for mange berøringar, samtidig som spiss Haugland blir bra pakka inn av Stabæk sin stoppartrio.
57'
Nære ved at Robertsen speler fri Haugland i bakrom. Næss får luggen på ballen slik at den går inn til Sjøeng.
56'
Nok av tid for heimelaget å kome tilbake her. Spesielt på dødballar har dei vore farlege.
53'
Olderheim slår inn frå venstre, men Johansen får klarert.
51'
Matic med ei tøff takling på Visted. Dommar Al-Fahad vel framleis å halde korta nede i skjortelomma.
50'
Andresen ligg nede etter ein duell. Kjem seg på beina att.
49'
Nære 2-2! Visted kjem seg fri i god posisjon etter bra Hødd-spel, og den innleigde Viking-spelaren sender avslutninga frå skrått hald like over mål. Den kunne Sjøeng fort hatt problem med om den hadde gått innanfor.
48'
Hødd med initiativet her i starten.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Stabæk går inn til garderobene med 2-1-leiing etter første omgang. Mikael Stahre sitt mannskap sjokkopna med scoring av Isaksen allereie i det 2. minutt. Hødd kvitterte derimot umiddelbart ved Skotheim, kanskje kampens beste spelar hittil. Etter dette var det svært jamt spelemessig, med overtak frå Hødd i sjansestatistikken. Få minutt før pause ordna derimot stoppar Nielsen nok ei leiing for bortelaget. Det ligg med andre ord til rette for ein meget spanande 2. omgang her på Høddvoll!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+2'
Haugland legg att til Scarcella som bankar til på direkten. Langt utanfor mål.
45'
Minimum to minutt tillegg her.
45'
Nydeleg overgang av bortelaget. Matic speler Hellan heilt åleine på høgresida, men innlegget frå vingbacken blir stoppa av vertane.
45'
Hødd med frispark som blir slått inn i boksa. Pedersen klarerer.
44'
Stabæk har vore svært effektive hittil i kampen. To mål på tre sjansar er solid.
39'
Nære på sjølvmål! Isaksen slår inn frå høgre, og Blikstad taklar kula ut like ved sidan av mål. Der hadde ikkje stopparen full kontroll.
38'
Olderheim blir spelt fri i bakrom ute til høgre, men 18-åringen får raskt fleire i blått på seg og endar opp med å spele vekk ballen.
34'
Nydeleg spel av heimelaget i det Skotheim og Visted kombinerer meisterleg inne i boksa. Innlegget frå førstnemnde blir derimot altfor upresist og går forbi alle i feltet til Stabæk.
33'
Spelaren frå Bømlo kjem seg på beina att, får litt friskt vatn å drikke og er klar for kamp igjen.
32'
Stopp i spelet i det Hødd-kaptein Kallevåg må få medisinsk tilsyn.
31'
Framleis ganske jamt i kampen her. Ingen av laga har noko nemneverdig overtak. Hødd har skapt flest sjansar, stort sett på dødballar.
27'
Klabb og babb i Stabæk si boks i det Hødd pressar bra. Ingen i blått kjem derimot til avslutning.
24'
Isaksen er nære ved å kome seg fri inne i boksa. Mykje god bevegelse frå bortelaget sine angriparar.
16'
Olderheim vinn ein duell mot Blikstad og får takla kula inn foran mål. Dessverre for bortelaget kjem ingen i kvitt først på den.
15'
Pedersen slår mot Diabaté i bakrom. Blikstad taklar vekk kula.
9'
Nesten for Hødd! Heimelaget rullar bra opp og Mikhail sender i veg eit skot som går via ein motspelar og like over mål. Der var Sjøeng utspelt!
9'
Gjestane forsøker ei rask pasning i bakrom mot Diabaté, men ballen går berre inn til Ulla.
4'
Olderheim blir nesten spelt fri i bakrom, men pasninga blir for lang. Såg litt ut som offside også.
Avspark Start 1. omgang
No ruslar begge laga ut på kunstgraset, og vi er få straksar unna kampens første spark.
Det er venta mange tilreisande supportarar frå Bærum til kampen, men få minutt unna avspark er det framleis nokså glissent på bortetribuna. I følgje rykta har det nemleg blitt stans utanfor Eiksundtunnellen, der det er stengt på grunn av bilberging. Vi kryssar fingrane for at dei rekk avspark!
Gjestane er no akkurat ferdige med oppvarminga og har teke turen inn i garderobene. Vertane ruslar inn like etterpå. Her i Ulsteinvik er det sol, minimalt med vind og flotte speleforhold.
Dagens kamp blir nok ekstra spesiell for Hødd-spelar Marius Amundsen Ulla. Målvakta var i nettopp Stabæk i heile sju sesongar etter at han kom dit som ung i 2018. Sonen til tidlegare keeperkjempe André Ulla enda opp med ni a-kampar for Stabæk, og dei fleste innhoppa kom i dei første rundene av NM. I Hødd har han gjort ein veldig god figur som ein av lagets beste spelarar gjennom sesongen, og han har hatt fleire matchavgjerande redningar.
Begge startoppstillingane er no ute. Marius Bøe gjer to endringar på laget som starta mot Kongsvinger i midtveka. Håheim-Elveseter og Urnes har gått ut til fordel for Skotheim og Scarcella. Mikael Stahre har på si side Matic og Pedersen inne for Eggen Vinge og Skjelvik.
I nyare tid har Stabæk hatt eit bra overtak på Hødd. Sidan 90-talet, då Hødd hadde éin sesong i Tippeligaen, har Bærumslaget vunne fire. Hødd har teke alle poenga éin gong, medan eitt oppgjer har enda uavgjort. Den einsame Hødd-sigeren kom i 2013, då ei scoring av Fredrik Aursnes sørgja for 1-0-siger. Møtet mellom laga tidlegare denne sesongen enda til slutt 1-1 etter Diabaté utlikna etter Skotheim sitt leiarmål.
Stabæk har på si side funne fram til gamle takter den siste tida. På dei fem seinaste seriekampane står dei med 3-2-0, og vi må tilbake til august for å finne sist dei ikkje tok poeng i 1. divisjon. I midtveka blei det 2-0 mot nettopp Åsane som Hødd sleit stort med her på Høddvoll.
Heimelaget har vist veldig variabel form den siste tida, og står med 1-1-3 på dei fem siste. Dei står med to strake heimekampar utan siger. Sist dei spelde her blei det 3-3 mot Åsane, eit oppgjer der Hødd henta inn ei leiing tre gongar. Førre runde enda med heile 0-3 borte for Kongsvinger.
Hødd og Marius Bøe ligg to hakk over Stabæk på tabellen, med tre poeng meir. Med ein vanskeleg bortekamp i Egersund og lokaloppgjer mot Aalesund i dei to siste rundene er det eit stort ønske om å få samla inn dei nødvendige poenga allereie i dag. Vi har med andre ord eit veldig bra utgangspunkt for ein fotballkamp!
Dagens oppgjer i Ulsteinvik er viktig for begge lag. Sjølv om Mjøndalen ser ut til å bli klubben som følgjer Skeid ned ein divisjon, er det framleis vidope om kven som hamnar på den utsette kvalifiseringsplassen for nedrykk. I skrivande stund er det Moss som innehar denne posisjonen, men dei har samtidig berre to poeng opp til Stabæk. Bærumslaget har riktig nok éin kamp til gode, men hovudtrenar Mikael Stahre er nok lysten på å sikre kontrakta for fornya 1. divisjonsspel så raskt som mogleg.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Stabæk, direkte frå Høddvoll!



