Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Det endar 3-3 på Høddvoll etter det som nok kan kallast ein liten fotballklassikar mellom Hødd og Åsane. Sjølv om uavgjort nok er riktig totalt sett, føler nok bortelaget at dei hadde fortent meir, for Eirik Bakke sitt lag tok leiinga i kampen heile tre gongar. Hødd kvitterte derimot kvar gong, og mot tampen av kampen var det også blåtrøyene som var nærast det avgjerande målet. No gjenstår det fire spanande runder av årets serie. Sebastian Eide og Henning Worren takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (3-3)
90+1'
Skotheim prøvar å spele fri Visted, men ballen inn i boksa blir litt for lang.
90'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
87'
Åsane slår i bakrom, men Ulla kjem ut og stupheadar ballen vekk.
86'
Oprea slår inn frå venstre, men innlegget går berre i hanskane til Ulla.
82'
Nære på 3-4! Gebrezgi vender kjapt opp og hamrar til frå kort og skrått hald. Ulla vartar opp med ei kjemperedning. Corner.
72'
Knuffing i feltet og ein Hødd-spelar blir liggjande.
69'
Åsane klarerer og dreg i gong ei kontring. Endar med corner i motsett ende.
68'
Iversen prøvar seg utanfor boksa. Treff svakt og Ulla kan ligge nede og vente på kula.
63'
Godt forsøk av heimelaget! Eit innlegg frå venstre blir hælflikka vidare av Haugland. Ballen trillar til Scarcella som bankar til på direkten. Forsøket går over mål.
60'
Skotheim prøvar å kome seg fri inne i boksa, men får ein motspelar i kroppen og må sjå at det berre blir utspel.
58'
Overraskande byte av bortelaget. Både Skålevik og Geelmuyden har skapt mykje trøbbel for Hødd.
57'
Nære spektakulær scoring på Høddvoll! Robertsen dempar ballen på kassa utanfor boksa til Åsane og bankar til på volley. Ballen går like til side for mål. Den såg mange i buret!
53'
Veldig bra kontring av bortelaget! Grønner blir spelt fri i bakrom, skjer inn framføre Hansen og avsluttar like utanfor mål. Stor sjanse!
52'
Hødd med mest initiativ i starten av omgangen.
48'
Skotheim går inn i den eine 10-ar-rolla samen med Visted, medan Scarcella går tilbake på den sentrale midtbaneposisjonen han har brukt å ha på laget.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Åsane leiar 2-1 over Hødd etter 1. omgang på Høddvoll. Det har vore ganske innhaldsrikt, med ein god del sjansar til begge lag. Eirik Bakke sitt mannskap hadde eit klart initiativ i første halvdel av omgangen, noko som førde til Grønner ordna 0-1. Hødd kvitterte derimot ved Johansen i deira beste periode i oppgjeret. Geelmuyden ordna derimot ei ny leiing kort tid før pause. Begge lag bør ha tre poeng i dag, så forhåpentlegvis vil det kome endå fleire scoringar i dette oppgjeret. Heng med og sjå!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+3'
Eit frispark blir lempa opp i Åsane si boks, men det blir dømt frispark til bortelaget.
45'
Det blir lagt til minimum tre minutt her etter eit par skadeopphald.
45'
Kan Hødd svare igjen før pause? Blåtrøyene var inne i ei god periode i det Åsane scora sitt andre.
43'
Ree slår opp eit frispark frå eigen halvdel, men det endar berre i fanget til kollega Ulla i motsett bur.
40'
Innlegg frå venstre for Åsane, men Hødd får klarert.
38'
Nok eit bra forarbeid av Visted som får lagt inn i boksa. Dessverre for heimelaget er ingen på den.
34'
Bra press av heimelaget, men ein potensiell sjanse uteblir i det Robertsen blir avvinka for hands.
32'
Robertsen slår inn frå venstre, men bortelaget stangar unna.
31'
Litt meir Hødd no etter ei lang periode med bra Åsane-spel.
31'
Ei bra forsering av Johansen fører til at han kan sende ballen inn i boksa. Der kjem Robertsen stormande, men han får ikkje avslutta skikkeleg i det han prøvar seg på eit fikst hælspark.
28'
Bra forsøk igjen for bortelaget! Eit innlegg blir slått frå venstre og Skålevik avsluttar på direkten. Ulla er derimot på plass og reddar.
26'
Grønner slår inn frå høgre, men forsøket blir klarert til corner.
24'
Robertsen med eit innoverskrudd innlegg som er nære ved å treffe ein medspelar. Endar i hanskane til Ree.
23'
Haugland er oppe og jagar eit framspel, og klarer faktisk å få pirka kula på mål i duell med ein Åsane-stoppar. Målvakt Ree er derimot så nær at han enkelt reddar.
20'
Skålevik blir spelt fri på venstresida, men innlegget blir blokkert kjapt. Farleg nesten kvar gong Åsane angrip.
18'
Ny bra sjanse for Åsane! Geelmuyden får avansere lenge med ballen og trillar frå Skålevik. Spissen glir derimot når han avsluttar, og sender skotet over mål. Kunne fort ha stått 0-2 der!
13'
Stor sjanse for Åsane! Skålevik får stå heilt ¨åleine inne i boksa etter duellspel på corneren, men han sender skotet høgt over mål.
9'
Mulac slår inn frå venstre, men ballen dalar berre ned i fanget til Ree.
6'
Lang ball i bakrom mot Geelmuyden, men forsøket går utover sidelinja.
4'
Åsane trillar ball og Hødd ligg kompakte bakover.
2'
Stopp i spelet i det Åsane si målvakt ligg nede etter ein smell i ein kollisjon med ein medspelar.
Avspark Start 1. omgang
Kampen blir nok ekstra spesiell for eit par av spelarane. Hødd-spiss Sebastian Haugland kom på ein overgang frå nettopp Åsane tidlegare i år. Totalt enda han opp med 15 mål på 26 kampar for klubben frå Bergen. Oppgjeret blir også litt spesielt for Åsane-innbytar Ola Heltne Nilsen som var i Hødd-systemet frå 2018 til 2022. Han er også som kjent son av Hødd si trenarlegende Lars Arne Nilsen, som førde Hødd til NM-gull i 2012.
Det blir ein spesiell duell mellom trenarane Marius Bøe og Eirik Bakke i dag. Førstnemnde var nemleg assistent under Bakke i Sogndal. Bøe hadde den oppgåva i saftbygda 2015-2017 og 2020-2021. Bakke var hovudtrenar frå 2015 til 2021. Det er med andre to trenarar som kjenner kvarandre sine styrker - og svakheiter!
Laga er no ferdige med oppvarminga og vi er berre 10 minutt unna avspark.
Sidan 1993 har laga møttest 16 gongar. Hødd har vore det klart sterkaste laga her, noko statistikken viser tydeleg med 9-3-4. Blåtrøyene har likevel streva dei siste møta, og vi må tilbake til 2016 for å finne sist gong dei vann mot Bergens-laget. Den gongen enda det 3-0 etter scoringar av Steffen Moltu (2) og dagens Hødd-kaptein Torbjørn Kallevåg. Det første møtet mellom laga i år enda 2-2 på Åsane Arena etter at sunnmøringane henta opp Åsane si 2-0-leiing.
Mykje av det same gjeld også for Eirik Bakke og Åsane. Totalen på dei fem seinaste er 1-1-3. Førre runde blei det tap heime for Mjøndalen (2-3), medan dei runda før blei siger borte mot Skeid (2-1).
Marius Bøe sitt Hødd har gjort det absolutt godkjent som nyopprykka lag, men resultata har vore veldig varierande. På dei fem siste har det blitt 2-0-3, og dei står med to strake tap mot Lyn (0-1) og Lillestrøm (0-4).
Det er ein viktig kamp mellom to tabellnaboar som møtast i Ulsteinvik på Sunnmøre i dag. Åsane på 11. plass kan verkeleg kjenne den utsette kvalifiseringsplassen for nedrykk i nakken. Det er berre tre poeng ned til Raufoss som befinn seg der no. Hødd har berre to poeng meir enn dagens motstandar, og berre siger er godt nok om ikkje dei skal hamne i nedrykksstriden. Vi har med andre ord eit fantastisk utgangspunkt for kampen!
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Åsane, direkte frå Høddvoll!



