Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Det endar 0-0 mellom Hødd og AaFK i ein tett og intens kamp. Bortelaget frå Ålesund hadde initiativet i det meste av kampen, men før pause var det blåtrøyene som skapte dei største sjansane. Blant anna blei det avslutta over på ope mål. Dominansen frå tangotrøyene heldt fram etter kvilen, og då produserte dei også ein rekke sjansar. Hødd-forsvaret og keeper Ulla rydda derimot unna alt, og det same gjaldt i motsett ende dei få gongane heimelaget var på offensiv visitt. Aalesund hadde fortent å vinne denne, samtidig skal Hødd ha for ein fantastisk defensiv innsats. AaFK enda dermed på 4. plass og må ut i kvalifiseringsspel. Hødd på si side hamna på 10., noko som er absolutt godkjent som nyopprykka lag. Sesongen er over for laget frå Ulsteinvik, men no blir det spanande å følgje Aalesund. Sebastian Eide og Henning Worren takkar for følgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+5'
Endar berre i klypene til Ulla.
90+4'
Grytebust med ballen. Bankar den ut.
90+2'
Roppen skal kaste langt.
90+2'
Johansen på Hødd ligg nede med krampe.
90'
Det blir lagt til minimum fem minutt.
90'
Hødd-trenar Marius Bøe blir kåra til "Dagens Blåsar" av heimefansen.
83'
Buing frå heimefansen i det Myrlid kjem inn. Han gjekk som kjent frå Hødd til Aalesund midt i sesongen, ein manøver mange med blått hjarte tok tungt.
81'
Så skal bortelaget også gjere nokre endringar.
80'
Lonebu blir spelt fri i motsett ende. Offside.
80'
Langpasning mot Haugland. Grytebust kjem ut og klarerer.
79'
Meir knuffing etter at Hødd får frispark. "Ut med svinet!" ropar Blåsarane.
77'
Nytt bra kombinasjonsspel av tangotrøyene. Denne gongen går innlegget frå Nessø forbi alle i feltet.
76'
Hødd skal straks gjere to ny innbyte.
75'
Ny periode med konstant press frå gjestane i oransje no. Hadde verkeleg fortent ei leiing her.
74'
Nydeleg opprulling av bortelaget. Nessø blir spelt fri til høgre og slår lavt og hardt inn foran mål. Der får Robertsen klarert for Hødd. Vakker fotball!
73'
Hammer bankar til igjen. Rett i næraste spelar i blått.
71'
Nære på for Hødd! Ein Urnes i ubalanse sender i veg eit skot som Grytebust verkeleg må strekke seg etter for å hindre i å gå inn. Skotheim kjem så på returen, men blir avvinka for offside. Det var nok like greitt, før Hødd sin nummer 10 makta uansett ikkje å få ballen i mål.
69'
Kallevåg prøvar ein piruett og endar i staden i bakken. Har jobba og stått på Hødd-kapteinen, men ikkje lukkast altfor mykje offensivt.
65'
Ganske konstant trøkk frå bortelaget no. Det ligg definitivt ei oransje scoring i lufta.
62'
Ny heading frå Lonebu. Utanfor mål. Ufarleg.
59'
Bortelaget lagar mykje trøbbel for Hødd med dei lange utspela frå Grytebust. Ngongo går i motspelar nærast ballen, og så endar kula ofte i beina på ein som jagar bakrommet. Lurt trekk frå Rekdal og co!
57'
I stolpen for AaFK! Nessø slår inn frå kanten sin, og Ngonga knuser all motstand. Dessverre for bortelaget går avslutninga i stolpen og ut. Der hadde ikkje Ulla hatt ein sjanse.
55'
Ny bakromsball, denne gong mot Nessø. Mikhail får med naud og neppe takla ballen vekk. Corner.
54'
Meisterleg inngripen av Ulla! Ein AaFK-spelar tek med seg ballen forbi Hødd-forsvaret med ei lang berøring, men Hødd-målvakta kjem ut og taklar unna kula.
53'
Bakromspasning mot Melland. Ulla kjem raskt ut og fangar.
52'
Melland prøvar seg frå distanse. Langt utanfor.
51'
3475 tilskodarar på stadion i dag. Det er ny rekord på nye Høddvoll!
48'
Grei sjanse for bortelaget! Ngongo får med seg ballen inn i boksa, men skotet går via Mulac og ut. Corner.
47'
Hammer bankar til igjen, men treff berre eigen spelar i Hødd si boks. AaFK held fram med å presse slik dei gjorde i 1. omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er begge laga ute på bana igjen.
Og så har plutseleg Kjartan Lauritzen dukka opp på kunstgraset. Han tek eit par straffer og begge ekspederer han knallhardt i nettet. Det er på Høddvoll det skjer i dag!
Ole Monrad Alme får blomar som takk for tida si i Hødd. Målvakta gir seg etter denne sesongen. Han enda med 179 kampar for Hødd. Den offisielle debuten kom i 2015, då han blei bytta inn for ein utvist Aslak Falch i OBOS-liga oppgjeret mot Sandnes Ulf.
Det står 0-0 til pause etter ein spennande og intens 1. omgang mellom Hødd og AaFK. Bortelaget har styrt veldig mykje av spelet, men slite med å kome til gode sjansar. Hødd har på si side forsvart seg godt og mot slutten av omgangen varta dei også opp med fleire store sjansar. Blant anna bomma Visted på ope mål. Det har vore mykje kriging og frispark, akkurat slik det skal vere i eit lokaloppgjer. Her er det berre å gle seg til ein minst like god 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Bra forsøk for gjestane!
45+1'
Langt oppspel mot Ngongo i bakrom, men Ulla er vaken og stoppar forsøket før det blir skikkeleg farleg.
45'
Nok ei bra opprulling av Hødd. Scarcella får ballen inne i boksa, men klarer berre å pirke den utanfor.
43'
Melland prøvar seg i motsett ende. Over målet til Ulla.
43'
Ny bra sjanse for heimelaget! Urnes prøvar seg igjen frå utanfor boksa, men denne gongen klarer Grytebust å halde forsøket. No viser Hødd seg bra fram her!
41'
Vanvittig nære for Hødd! Urnes avsluttar utanfor boksa, og Grytebust reddar forsøket via stolpen. Returen hamnar rett ut i feltet, men frå få meters hald klarer Visted utruleg nok å putte ballen over det tomme målet. Der skal Hødd ta leiinga!
39'
Brukbar pasning i bakrom mot Haugland. Grytebust kjem ut og taklar til innkast.
38'
Melland prøvar seg med eit skot, men ballen endar opp med å gå til innkast frå motsett side. Ikkje heilt reint treff frå 20-åringen, det.
35'
Scarecella avsluttar frå utanfor boksa, men forsøket frå australiaren går svakt rett på Grytebust.
27'
Hødd ligg med alle mann på 30 meter og inn. Aalesund trillar mykje ball og sender i veg innlegg innimellom, men så langt har det ikkje resultert i all verda.
26'
Torbjørn Kallevåg har for øvrig ei fortid i nettopp Aalesund. Bømlingen ikledde seg den oransje trøya i sesongane 2021 og 2022. Han enda med fem scoringar på 62 kampar.
25'
Nære på at Hødd klarer å kontre på flott vis. Diverre øydelegg ei dårleg berøring frå Kallevåg det heile.
24'
Ørsahl slår inn frå venstre, men nok ein gong får Hødd klarert.
23'
AaFK har mykje ball og initiativ her, men hittil har Hødd forsvart seg meget bra og hindra dei største sjansane.
21'
Ganske bra trøkk på bana hittil. Begge lag trakkar til i duellane.
20'
Haugland i ein tøff duell med Hammer. Hødd-spissen er først på ball, men går vel hardt inni.
18'
God jobb av Haugland som klarer å halde på ballen etter eit langt oppspel. Får frispark.
17'
Stopp i spelet i det Christensen blir liggjande etter ein duell.
15'
Hammer prøvar seg igjen, men skotet blir blokkert.
13'
Johansen slår inn, men Haram nikkar unna.
13'
Brukbart forsøk av Hammer hos AaFK. Dreg seg innover og avsluttar, men skotet går litt over mål. Det beste bortelaget har kreert hittil.
12'
Melland slår inn frå venstre, men heimelaget får klarert.
11'
Haugland blir flott spelt fri bak Aalesund sitt forsvar av Urnes, men spissen må nøye seg med corner.
9'
Bra sjanse til Hødd! Kallevåg finn Visted i bakrom, og den innleigde Viking-spelaren vender opp og avsluttar - like til side for Grytebust sitt mål.
8'
Like før bortelaget klarer å utnytte eit svakt tilbakespel av Skotheim, som nyleg har blitt omskulert til høgre vingback. Ulla er derimot vaken og kjem ut og taklar kula i ein AaFK-spelar og ut.
6'
Lonebu skjer innover med ballen, men får aldri plass til avslutning.
5'
Litt kaos i AaFK si boks, og Kallevåg får stå åleine og slå inn. Diverre for heimelaget er der ingen blå på plass i feltet.
5'
Innkast til Hødd høgt i bana.
3'
Melland prøvar eit skot, men det blir umiddelbart blokkert.
2'
AaFK slår i bakrom, men Hanssen beinar kula vekk.
2'
Fantastisk atmosfære på Høddvoll, med mykje synging frå fansa til begge laga.
Avspark Start 1. omgang
No kjem dei 22 utvalde ut på kunstgraset, anført av dagens domar; Magnus Nicolai Koløy.
Det er heftig vatning av kunstgrasa no. Det betyr nok at heimelaget ønsker å la ballen gå fort. Samtidig ønskar bortelaget også å ta taken i kampen umiddelbart. For ein kamp dette kan bli!
Rekdal og Bøe har no sendt spelarane sine inn i garderobene for dei siste instruksane. Vi er få minutt unna avspark!
Det har allereie fylt seg ganske bra på tribunene. Fleire hundre har også teke turen frå Ålesund for å støtte laget fram til siger og moglegens opprykk. Speleforholda er ganske gode, med null nedbør og minimalt med vind.
Begge laga er no i full gang med oppvarminga.
Då er begge laga ute. Vi ser at Kjetil Rekdal vel akkurat dei same 11 som starta førre oppgjeret, då det enda 3-0 heime mot Åsane. Marius Bøe si siste startoppstilling for Hødd innehar 10 av dei 11 som begynte kampen mot Egersund sist. Einaste endringa er at Mikhail er inne for Robertsen.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingane så raskt desse blir offentleggjorde.
Oppgjert sist var på fotballens festdag, 16. mai, og det var nokså fullt på Aalesund si storstue. 10.225 tilskodarar tok turen den gongen, og sjølv om det ikkjer er i nærleiken å ha plass til like mange blir det ny tilskodarrekord på nye Høddvoll. Det har allereie blitt seld over 3200 billettar, og dermed har den gamle rekorden mot Brann frå 2015 blitt slått. Dette vil skape ei meisterleg ramme rundt oppgjeret!
Det er to naboklubbar som har kjempa mot kvarandre i lang tid. Statistikken frå 60-talet viser at dei sidan det har møttest 45 gongar i seriespel. Hødd har vunne 21, Aalesund 12 og 12 har enda med poengdeling. I tillegg er det tradisjon for at laget møtest i NM, der det har vore fleire intense oppgjer. Møtet mellom laga tidlegare denne sesongen enda med 2-0 heimesiger på Color Line Stadion, etter at Ngongo og Seehusen scora etter to dødballar.
På den andre sida av fjorden er situasjonen heilt annleis. Aalesund har alt å spele for denne siste runda, med direkte opprykk til Eliteserien som den verkeleg store premien. Laget til Kjetil Rekdal kan hamne på alt frå 2. til 5. plass, noko som betyr at dei er minimum sikra kvalifiseringsspel. For å følgje suverene Lillestrøm opp er dei avhengige av tre poeng på Høddvoll, samt at Kongsvinger og Start snublar i sine kampar. Det er med andre ord flust av spenning i begge endar av tabellen denne novemberdagen!
Det har vore nokre dagar med store kontrastar for alle som følgjer laget frå Ulsteinvik. Førre helg var det stor glede over at laget sikra ny kontrakt i 1. divisjon etter 0-0 borte mot Egersund. Sist blåtrøyene kunne skilte med fleire sesongar på rad på det nest øvste nivået var frå 2011 til 2016, ei periode som inneheld både NM-gull og kvalifiseringsspel til Eliteserien. Men ulsteinvikarane kom raskt ned på bakken igjen, for onsdag denne veka gjekk hovudtrenar Marius Bøe ut med at han gir seg i klubben etter denne sesongen. Til lokalavisa trekk han fram at det er av hensyn til familien han gjer dette. Det er tredje året vekke frå kone og tre born (to av dei i Hødd), og han treng å vere meir tilgjengeleg for dei.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Aalesund. Det er duka for eit skikkeleg spennande sunnmørsk nabooppgjer på Høddvoll denne siste runda av årets 1. divisjon!



